Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 29 d. Utvida rettskraft

Barnelova·Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker.·Sist endret 1. januar 2008

Utvida rettskraft

Rettskraftig dom i ei slektskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle høve der slektskapen har noko å seie. Er saka reist mellom nokon som det er påstått er lengre ut i slekt, gjeld dommen berre mot ein nærare slektning eller livsarvingane hans eller hennar dersom vedkommande er gått inn i saka eller varsla om ho. Det same gjeld for den som sjølv krev å vere forelder eller den som slektskapssaka gjeld.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

Les hele loven i sammenheng →