Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4 a. Medmorskap til barnet

Barnelova·Kapittel 2. Kven som er foreldra til barnet·Sist endret 1. januar 2014

Medmorskap til barnet

Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelege ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, erklæring eller dom. Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor. Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor. Reglane om etablering og endring av farskap i §§ 6 til 9 og kapitla 3 og 4 gjeld så langt dei høver for fastsetjing og endring av medmorskap. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 27 juni 2008 nr. 745), endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703).

Se ogsåBarnelova § 6Barnelova § 9Barnelova § 3Barnelova § 4 første ledd

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 4 a i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →