Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 43 a. Samvær under tilsyn av offentleg oppnemnt person

Barnelova·Kapittel 6. Samværsrett m.m.·Sist endret 1. januar 2014

Samvær under tilsyn av offentleg oppnemnt person

Dersom tilsyn blir sett som vilkår for samværet, kan retten i særlege høve og der omsynet til barnet sine behov talar for det, påleggje kommunal barnevernsteneste eller departementet å oppnemne ein person som skal føre tilsyn under samvær. Retten kan gje pålegg om beskytta tilsyn eller støtta tilsyn. Pålegget skal fastsetje dei nødvendige vilkåra for samværet, under dette timetalet og avgrensa varigheit. Den kommunale barnevernstenesta oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved pålegg om beskytta tilsyn. Departementet oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved støtta tilsyn. Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn ei konkret vurdering frå den kommunale barnevernstenesta eller departementet om korleis pålegget kan gjennomførast. Eit pålegg kan følgje av ein dom, ei førebels avgjerd etter § 60 eller av eit rettsforlik. Dom og førebels avgjerd skal retten grunngi som nemnt i tvisteloven § 19-6. Om rettsavgjerda blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for føremålet med tilsynet og behovet til barnet. Det offentlege dekkjer kostnadene til tiltaka etter denne føresegna. Den som skal oppnemnast til å føre tilsynet etter andre ledd, skal leggje fram tilfredsstillande politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd. Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegner om mellom anna oppnemning av personar som skal føre tilsynet, utøvinga av tilsynet, godtgjering, rapportering og kravet om politiattest.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 13 des 2013 nr. 1443).

Se ogsåBarnelova § 60Tvisteloven § 19-6Politiregisterloven § 39

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 43 a i barnelova.

Les hele loven i sammenheng →