Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 33. Tilsette i kommunen eller fylkeskommunen

Bevaringsforskrifta·Kapittel 3. Dokumentasjon frå fylkeskommunane og kommunane

Tilsette i kommunen eller fylkeskommunen

Følgjande dokumentasjon om dei tilsette i kommunen eller fylkeskommunen skal takast vare på for ettertida: a) stillingssøknaden frå den som blir tilsett, brev om tilsetjing og arbeidsavtale, klage på tilsetjing b) dokumentasjon om kompetanseutvikling som har noko å seie for løns- og tilsetjingstilhøva til den tilsette c) dokumentasjon om løn, godtgjeringar og permisjonar som har noko å seie for pensjonstilhøva til den tilsette d) dokumentasjon om oppfølging i samband med sjukemelding dersom saka er har noko å seie for dei langvarige teneste- og pensjonstilhøva til den tilsette e) dokumentasjon som gjeld yrkesskadar og oppfølging etter yrkesskadar f) dokumentasjon som gjeld omplassering, tenestepåbod og fortrinnsrett g) dokumentasjon om reaksjon mot den tilsette knytt til utøving av tenesta dersom saka fører til rettsleg prøving eller får konsekvensar for tilsetjingstilhøvet h) dokumentasjon om avslutning av arbeidstilhøve.

Kommunar og fylkeskommunar skal ta vare på spesifikk dokumentasjon om sine tilsette for ettertida. Dette gjeld dokument som rører ved tilsetjing, løn, helse, rettar og avslutning av arbeidsforholdet.AI

Les hele forskriften i sammenheng →