Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 73. Idrett og friluftsliv

Bevaringsforskrifta·Kapittel 3. Dokumentasjon frå fylkeskommunane og kommunane

Idrett og friluftsliv

Følgjande dokumentasjon om idrett og friluftsliv skal takast vare på for ettertida: a) dokumentasjon som gjeld overordna planlegging innanfor idrett og friluftsliv i kommunen eller fylkeskommunen b) dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av tilskot frå kommunen eller fylkeskommunen til idrettsanlegg, idrettsforeiningar og idrettstiltak c) dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av midlar frå kommunen eller fylkeskommunen til fysisk tilrettelegging, vedlikehald og skjøtsel av friluftsområde og friluftstiltak d) dokumentasjon om kva foreiningar og organisasjonar som har fått tildelt stønad gjennom tilskotsordningane til kommunen eller fylkeskommunen e) dokumentasjon om kven som har motteke prisar og stipend f) dokumentasjon om stønad til prosjekt og arrangement som har noko å seie for utviklinga av idretts- og friluftslivet i kommunen eller regionen g) dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt innanfor idrett og friluftsliv.

Kommunar og fylkeskommunar skal ta vare på dokumentasjon om idrett og friluftsliv for ettertida. Dette gjeld blant anna planar, tildeling av stønad, prisar, stipend og eigne prosjekt.AI

Les hele forskriften i sammenheng →