Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 80. Samferdsel

Bevaringsforskrifta·Kapittel 3. Dokumentasjon frå fylkeskommunane og kommunane

Samferdsel

Følgjande dokumentasjon om samferdsel skal takast vare på for ettertida: a) dokumentasjon som gjeld overordna planar og strategiar for samferdsel, trafikktryggleik og transportberedskap i kommunen eller fylkeskommunen b) dokumentasjon om saker som gjeld utbygging, omgjering, nedlegging eller omdisponering av fylkesvegar eller kommunale vegar, eller overføring av vedlikehaldsansvaret for fylkesveg og kommunal veg c) dokumentasjon om saker som gjeld nedlegging av byggeforbod i område for planlagd veg, forlenging av byggeforbod eller råderettsavgrensingar for grunn innafor byggegrensa d) dokumentasjon om saker som gjeld eigedomsinngrep mot vederlag etter skjøn (ekspropriasjon) e) dokumentasjon som gjeld økonomiske rammer for kollektivtilbod og sakshandsaminga ved fastsetjing av rutenettet f) retningsliner for skoleskyssordninga, dispensasjonssøknader og klagesaker g) retningsliner for transportordning for personar med nedsett funksjonsevne, og klagesaker h) dokumentasjon som gjeld tildeling av behovsprøvde løyve og retningsliner for alle typar løyve.

Fylkeskommunane og kommunane skal ta vare på dokumentasjon om samferdsel for ettertida. Dette gjeld mellom anna planar, vegbygging, kollektivtilbod, skuleskyss og transportordningar.AI

Les hele forskriften i sammenheng →