Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6-16. Gebyr

Burettslagslova·Kapittel 6. Rettsregistrering·Sist endret 1. januar 2021

Gebyr

(1) For registrering etter lova her skal det betalast gebyr. Departementet kan likevel fastsetje fritak frå plikta til å betale gebyr for bestemte registreringar. Departementet gir forskrifter om storleiken på gebyret. Departementet kan også gi forskrifter om korleis informasjon om registrerte rettar skal gjerast tilgjengeleg, og kan fastsetje at det skal betalast gebyr for tenestene. (2) Gebyret skal betalast av den som har kravd forretninga. Den som har kravd ei bestemt forretning, må også betale for andre gebyrpliktige forretningar som nødvendig følgjer med den forretninga som er kravd. (3) Er ei forretning kravd av ein person eller ei myndigheit på vegner av ein annan, blir begge ansvarlege for gebyret. Ved registrering av dokument som har samanheng med sal av burettslagsandel, er eit meklarføretak som hjelper avtalepartane med oppgåver som nemnde i eiendomsmeglingsloven § 6-9 første ledd nr. 1, 2 eller 4, også ansvarleg for gebyret uavhengig av om meklarføretaket har kravd forretninga. Har staten kravd ei forretning på vegner av nokon, kan staten krevje refusjon av denne dersom ikkje noko anna følgjer av lov. (4) Krav på betaling etter denne føresegna frå andre enn stat, fylkeskommune eller kommune er tvangsgrunnlag for utlegg.

Det må betales gebyr for registreringer etter loven. Departementet bestemmer prisen og kan i visse tilfeller frita for betaling. Den som ber om registreringen, er som hovedregel ansvarlig for å betale.AI

Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 17 juni 2005 nr. 94 (ikr. 15 aug 2005 iflg. res. 1 juli 2005 nr. 753), endra ved lover 11 jan 2013 nr. 3 (ikr. 1 juni 2013 iflg. res. 24 mai 2013 nr. 533), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591).

Se ogsåEiendomsmeglingsloven § 6-9omtalt i 2 kilder

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Se også1
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 6-16 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →