Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-15. Avgjerd i tingretten

Burettslagslova·Kapittel 7. Generalforsamlinga

Avgjerd i tingretten

(1) Tingretten skal ta til følgje eit krav etter § 7-14 andre ledd dersom retten meiner at det har rimeleg grunn. (2) Før det blir teke avgjerd i saka, skal retten gi laget, og i tilfelle den granskinga elles vil omfatte, høve til å uttale seg. (3) Retten skal oppnemne ein eller fleire granskarar. Det som er fastsett om revisor i revisorloven §§ 4-1 til 4-7 og § 5-2 tredje ledd, gjeld tilsvarande for granskarane. Dei har teieplikt etter same reglar som revisor. (4) Retten skal fastsetje godtgjersle for granskarane. Kostnadene ved granskinga skal berast av laget. Retten kan fastsetje at laget skal deponere ein høveleg sum på førehand.

Tingretten kan bestemme at det skal gjennomførast ei gransking dersom det er rimeleg grunn til det. Retten oppnemner granskarar som har teieplikt, og burettslaget skal betale for kostnadene.AI

Se ogsåBurettslagslova § 7-14Burettslagslova § 4-1Burettslagslova § 4-7Burettslagslova § 5-2

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 7-15 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →