Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-2. Møterett

Burettslagslova·Kapittel 7. Generalforsamlinga

Møterett

(1) Alle andelseigarar har rett til å vere med i generalforsamlinga med framleggs-, tale- og røysterett. Andelseigarens ektemake, sambuar eller ein annan medlem av andelseigarens husstand har rett til å vere til stades og til å uttale seg. (2) Styremedlemmer, forretningsførar og leigar av bustad i laget har rett til å vere til stades i generalforsamlinga og til å uttale seg. Styreleiar og forretningsførar har plikt til å vere til stades om ikkje det er openbert unødvendig, eller dei har gyldig forfall.

Alle som eier en andel i borettslaget kan delta på generalforsamlingen og har rett til å komme med forslag, snakke og stemme. Enkelte andre personer, som ektefeller, samboere, styremedlemmer og leietakere, har rett til å være til stede og uttale seg.AI

Les hele loven i sammenheng →