Lov
Nynorsk
§ 8-16. Representasjon og fullmakt
Representasjon og fullmakt
(1) Styret representerer laget utetter og teiknar føretaksnamnet. Styret kan gi styremedlemmer eller forretningsførar rett til å teikne føretaksnamnet. Slik fullmakt kan når som helst kallast tilbake.
(2) Forretningsføraren representerer laget utetter i saker som gjeld den daglege leiinga.
(3) Har nokon som representerer laget utetter etter første og andre ledd, ved disposisjon på vegner av laget gått ut over sitt mynde, er disposisjonen ikkje bindande for laget når laget godtgjer at medkontrahenten forstod eller burde ha forstått at myndet blei overskride, og det ville stride mot heider og god tru å gjere disposisjonen gjeldande.
(4) Etter at val av styremedlem eller avtale om forretningsførsel er registrert i Føretaksregisteret, kan manglar ved valet eller avtalen ikkje gjerast gjeldande overfor ein tredjeperson, om ikkje laget godtgjer at tredjepersonen kjende til mangelen.
(5) I saker mellom laget og styret eller einskilde styremedlemmer skal generalforsamlinga velje ein eller fleire personar til å representere laget i saka. Blir ikkje det gjort, kan tilseiing skje til kven som helst av andelseigarane.
Styret representerer borettslaget utad og kan gi fullmakt til andre. Forretningsfører representerer laget i den daglige ledelsen. Avtaler som er inngått uten nødvendig myndighet er ikke bindende dersom motparten burde visst om dette.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 6 juni 2003 nr. 39 (ikr. 1 mars 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1118, sjå § 14-13 i lova her).