Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 10. Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake

Bustøttelova·Kapittel I. Bustøtte·Sist endret 1. juni 2017

Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake

Husbanken kan krevje bustøtta tilbake dersom a) mottakaren visste eller burde ha visst at han eller ho ikkje har hatt krav på støtte, b) mottakaren eller nokon som har handla på vegner av mottakaren, aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar, c) Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren burde ha skjøna det, eller d) husstanden i perioden det er motteke bustøtte for, har hatt inntekt eller formue som i ettertid syner seg å overskride den inntekta eller formuen som var lagd til grunn då støtta blei fastsett. Det gjeld utan omsyn til kven som er skuld i at det er betalt ut for mykje. For mykje utbetalt støtte kan også motreknast i seinare utbetalingar av bustøtte. Departementet kan i forskrift gje reglar om tilbakebetaling av bustøtte.

Husbanken kan kreve tilbakebetaling av bostøtte dersom det er betalt ut for mye. Dette gjelder hvis mottakeren ga feil opplysninger, visste at støtten var feilaktig, eller hvis inntekten og formuen var høyere enn antatt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 28 apr 2017 nr. 21 (ikr. 1 juni 2017 iflg. res. 28 apr 2017 nr. 504).

omtalt i 2 kilder

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 10 i bustøttelova.

Les hele loven i sammenheng →