Lov
Nynorsk
§ 8. Innhenting og handsaming av personopplysningar
Innhenting og handsaming av personopplysningar
Husbanken og kommunane kan handsame personopplysningar, medrekna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova her. Tilgangen til å handsame opplysningar etter denne føresegna gjeld også nødvendige opplysningar om andre husstandsmedlemmer.
Husbanken og kommunane kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag, eigarseksjonssameige og tilbydarar av posttenester å gje opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Husbanken og kommunane kan hente inn slike opplysningar direkte frå instansane som er nemnde i første punktum, og nytte dei i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld. Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, kan ikkje krevje godtgjering. Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.
Husbanken kan ta avgjerder som berre er baserte på automatisert handsaming av personopplysningar, medrekna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Handsaminga må oppfylle krava som elles blir stilte til sakshandsaminga, og vere i samsvar med retten til vern av personopplysningar. Den registrerte har rett til manuell overprøving av avgjerda.
Departementet kan gje forskrift om handsaming av personopplysningar, medrekna kva for opplysningstypar Husbanken kan handsame, kva for personar Husbanken kan handsame opplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder og innhenting, utlevering og anna handsaming av personopplysningar frå andre kjelder enn den statlege bustøtta.
Husbanken og kommunene kan hente inn og behandle personopplysninger om søkere og andre i husstanden for å administrere bostøtte. De kan kreve nødvendige opplysninger fra blant annet utleiere og myndigheter uten samtykke. Husbanken kan ta automatiserte avgjørelser, men man har rett til at et menneske går gjennom saken.AI
Endret 19. juni 2026
Endringshistorikk (2)
- 19. juni 2026Endringslov til bustøttelova
- 19. juni 2015Endringslov til bustøttelova
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591), 19 juni 2026 nr. 56 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1134).
Se ogsåTvisteloven § 22-8Tvisteloven § 22-9omtalt i 6 kilder →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Nevnt i6
- Lovvedtak 71 (2025–2026)Vedtak til lov om endringar i bustøttelova (handsaming av personopplysningar og automatiserte avgjerder)
- Lovvedtak 21 (2020–2021)Vedtak til lov om endringar i burettslagslova mv. (rett til å setje opp ladepunkt for elbil, samanslåing av eigarseksjonssameige)
- Lovvedtak 54 (2017–2018)Vedtak til lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven)
- Innst. 423 L (2016–2017)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Lovvedtak 81 (2014–2015)Vedtak til lov om endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)
- Innst. 322 L (2014–2015)Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)
Endringshistorikk2
Koblinger for § 8 i bustøttelova.