Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 1-5. Meldingar mv

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 1. Innleiande føresegner·Sist endret 1. april 2021

Meldingar mv

(1) Styret avgjer korleis meldingar og liknande til andelseigarane etter denne lova skal givast. Andelseigarane kan reservere seg mot å ta imot meldingar elektronisk. Styret skal informere andelseigarane i rimeleg tid før ny kommunikasjonsmåte blir teken i bruk. Meldingar skal givast på ein trygg og tenleg måte. (2) Når ein andelseigar skal gi meldingar og liknande etter denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten laget har fastsett for dette føremålet. (3) Krav i lova om at meldingar og liknande skal vere skriftlege eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for elektronisk kommunikasjon. (4) Departementet kan i forskrift gi føresegner om krav til meldingar og liknande mellom laget og andelseigarane.

Styret bestemmer hvordan meldinger til andelseierne skal sendes, men andelseierne kan reservere seg mot elektronisk post. Meldinger skal gis på en trygg måte, og styret må varsle i god tid før nye metoder tas i bruk.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 26 mars 2021 nr. 16 (ikr. 1 april 2021 iflg. res. 26 mars 2021 nr. 966).

omtalt i 3 kilder

Sammenheng

Nevnt i3
Endringshistorikk1

Koblinger for § 1-5 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →