Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-8. Melding av laget til Føretaksregisteret

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 2. Stifting av bustadbyggjelag·Sist endret 1. april 2021

Melding av laget til Føretaksregisteret

(1) Laget skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er signert. (2) Før laget blir meldt til Føretaksregisteret, skal andelskapital og eventuell innskotskapital som går fram av opningsbalansen, vere fullt innbetalt. Innbetalinga skal stadfestast av revisor. Er det betalt inn mindre enn det som er oppgitt og stadfesta i meldinga, er styremedlemmene og revisor solidarisk ansvarlege for det som manglar. Det gjeld sjølv om det ikkje er valda skade. (3) Dersom laget ikkje er meldt til Føretaksregisteret innan fristen, kan laget ikkje registrerast. Det same gjeld dersom registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan rettast. (4) Laget kan ikkje erverve rettar eller pådrage seg plikter før det er registrert.

Et boligbyggelag må meldes til Foretaksregisteret innen tre måneder etter signering av stiftelsesdokumentet. All kapital må være innbetalt og bekreftet av revisor før melding sendes. Laget kan ikke kjøpe rettigheter eller påta seg plikter før det er registrert.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 26 mars 2021 nr. 16 (ikr. 1 apr 2021 iflg. res. 26 mars 2021 nr. 966).

omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Nevnt i1

Koblinger for § 2-8 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →