Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 3-4. Handleplikt ved tap av eigenkapital

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 3. Kapitalen i laget

Handleplikt ved tap av eigenkapital

(1) Dersom det må leggjast til grunn at eigenkapitalen er lågare enn det som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i laget, skal styret straks behandle saka. Styret skal innan rimeleg tid kalle inn generalforsamlinga, gi ei utgreiing om den økonomiske stillinga og gjere framlegg om tiltak som vil gi laget ein forsvarleg eigenkapital. (2) Dersom styret ikkje finn grunnlag for framlegg om tiltak som nemnde i første ledd, eller slike tiltak ikkje let seg gjennomføre, skal styret gjere framlegg om å løyse opp laget.

Hvis et boligbyggelag har for lav egenkapital i forhold til risiko og virksomhet, må styret behandle saken raskt. Styret skal kalle inn til generalforsamling for å forklare den økonomiske situasjonen og foreslå tiltak. Kan ingen tiltak gjennomføres, må styret foreslå at laget oppløses.AI

Les hele loven i sammenheng →