Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-4. Eigarskifte

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 4. Andelseigarane

Eigarskifte

(1) Ein andel kan ikkje utan samtykke frå laget overførast til andre. Krav om samtykke kan ikkje gjerast gjeldande når andelen går over til ektemake, til andelseigarens eller ektemakens slektning i rett opp- eller nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står i same stilling som livsarving, til sysken eller til nokon annan som i dei to siste åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren. Samtykke kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over på skifte etter separasjon eller skilsmål, eller når ein husstandsmedlem tek over andelen etter føresegnene i husstandsfellesskapsloven § 3. (2) Har andelseigaren andel i eit tilknytt burettslag òg, kan andelen i bustadbyggjelaget berre overførast saman med andelen i burettslaget. (3) Laget kan fastsetje reglar for kva rettar som skal følgje med andelen. (4) Ved eigarskifte skal den nye andelseigaren straks sende melding til laget.

Hovedregelen er at boligbyggelaget må godkjenne salg eller overføring av en andel til andre. Det finnes imidlertid viktige unntak for overføring til nær familie og samboere. Den nye eieren plikter å varsle laget med en gang eierskiftet skjer.AI

Se ogsåHusstandsfellesskapsloven § 3

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 4-4 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →