Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-15. Opplysningsplikt for leiinga

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 5. Generalforsamlinga

Opplysningsplikt for leiinga

(1) Ein andelseigar kan krevje at styremedlemmer og dagleg leiar gir tilgjengelege opplysningar på generalforsamlinga om tilhøve som kan verke inn på vurderinga av 1) godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga, 2) saker som er lagde fram for andelseigarane eller dei delegerte til avgjerd, 3) den økonomiske stillinga for laget, medrekna verksemda i samanslutningar som laget tek del i, og andre saker som generalforsamlinga skal ta opp, om dei opplysningane som blir kravde, kan givast utan for stor skade for laget. (2) Er andelseigarane representerte ved delegerte, kan berre dei delegerte krevje slike opplysningar. (3) Kan svaret ikkje gjevast på generalforsamlinga fordi det må hentast inn opplysningar, skal det lagast skriftleg svar innan to veker etter møtet. Svaret skal sendast ut til alle andelseigarar med kjend adresse. Var andelseigarane representerte ved delegerte, er det nok å sende svaret til alle delegerte.

Andelseiere kan be styret og daglig leder om informasjon på generalforsamlingen om økonomi, årsregnskap og andre saker som skal avgjøres. Informasjonen må kunne gis uten at det skader boligbyggelaget.AI

Les hele loven i sammenheng →