Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-22. Frist for å reise søksmål

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 5. Generalforsamlinga

Frist for å reise søksmål

(1) Søksmål etter § 5-21 om at eit vedtak er ugyldig, må reisast innan tre månader etter at vedtaket er gjort, elles er vedtaket gyldig. (2) Reglane i første ledd gjeld ikkje når 1) vedtaket er av slikt slag at det ikkje kan takast sjølv med samtykke frå alle andelseigarane, 2) lov eller vedtekter krev at visse andelseigarar eller alle andelseigarar må gi samtykke til vedtaket, og slikt samtykke ikkje er gitt, 3) det ikkje er kalla inn til generalforsamlinga, eller reglane om innkalling har vore sette vesentleg til side, 4) søksmål blir reist innan to år etter utgangen av fristen i første ledd, og tingretten kjem til at saksøkjaren har hatt rimeleg grunn til fristforsøminga, og at det ville føre til openbert urimeleg resultat om vedtaket skulle reknast som gyldig.

Det er en frist på tre måneder for å saksøke for å få et vedtak kjent ugyldig. Etter dette er vedtaket gyldig, med mindre det foreligger spesielle unntak som grove feil ved innkallingen eller manglende samtykke.AI

Se ogsåBustadbyggjelagslova § 5-21

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 5-22 i bustadbyggjelagslova.

Les hele loven i sammenheng →