Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6-12. Dagleg leiing

Bustadbyggjelagslova·Kapittel 6. Leiinga av laget

Dagleg leiing

(1) Dagleg leiar skal stå for den daglege leiinga av verksemda i laget og skal følgje dei retningslinjene og pålegga som styret har gitt. (2) Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter tilhøva i laget er av uvanleg slag eller har mykje å seie for laget. (3) Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter fullmakt frå styret i det enkelte tilfellet eller når det er til vesentleg ulempe for laget å vente på styrevedtak. Styret skal ha melding om avgjerda snarast råd. (4) Dagleg leiar skal syte for at rekneskapen for laget er i samsvar med lov og forskrifter, og at formueforvaltninga er ordna på fullgod måte.

Daglig leder skal styre den daglige driften av boligbyggelaget etter styrets retningslinjer. Saker som er uvanlige eller svært viktige skal ikke avgjøres av daglig leder, men av styret.AI

Les hele loven i sammenheng →