Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11. Tilleggsfrist

Bustadoppføringslova·Kapittel II. Ytinga frå entreprenøren

Tilleggsfrist

Entreprenøren kan krevje lenging av avtalte fristar dersom a) forbrukaren krev endringar eller tilleggsarbeid som seinkar arbeidet, b) arbeidet blir seinka fordi forbrukaren eller nokon som forbrukaren svarer for, ikkje medverkar i samsvar med avtalen, eller arbeidet blir seinka på grunn av andre omstende som forbrukaren svarer for, eller c) arbeidet blir seinka på grunn av ei hindring utanfor entreprenørens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at entreprenøren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at entreprenøren skal unngå eller overvinne følgjene av hindringa. Blir arbeidet seinka på grunn av ein underentreprenør som etter avtale med entreprenøren skal utføre arbeidet eller delar av det, har entreprenøren krav på tilleggsfrist dersom underentreprenøren ville ha hatt krav på tilleggsfrist etter første ledd. Fristlenginga etter første ledd skal svare til den seinkinga som dei nemnde omstenda har medført, med tillegg for nødvendig avbrot i arbeidet, og med tillegg eller frådrag for ulemper eller føremoner entreprenøren har hatt av at arbeidet må utskuvast til ei anna årstid. Entreprenøren har berre krav på fristlenging etter første ledd dersom melding om kravet er gjeve forbrukaren utan ugrunna opphald etter at entreprenøren vart merksam på det omstendet som gjev krav på lenging.

Håndverkeren kan få utsett frist hvis kunden krever endringer, ikke samarbeider, eller hvis det oppstår uforutsette hindringer utenfor håndverkerens kontroll. Dette gjelder også ved forsinkelser fra underentreprenører. Krav om mer tid må meldes til kunden raskt.AI

referert av 3

Sammenheng

Referert av3

Koblinger for § 11 i bustadoppføringslova.

Les hele loven i sammenheng →