Dagmulkt
Dersom overtaking ikkje kan skje til den tida forbrukaren har rett til å krevje etter §§ 10 og 11, kan forbrukaren krevje dagmulkt for kvar dag forseinkinga varer.
Dersom ikkje høgare mulkt er avtalt, skal dagmulkta vere 1 promille av det samla vederlaget entreprenøren skal ha. Omfattar avtalen eigedomsrett til grunnen, skal lågaste sats likevel vere 0,75 promille. Dagmulkta skal ikkje i noko tilfelle vere mindre enn ein halv prosent av grunnsummen i folketrygda på det tidspunktet forseinkinga oppstod. Dagmulkt kan ikkje krevjast for meir enn 100 dagar.
Forbrukaren kan krevje dagmulkt utan omsyn til økonomisk tap.
Hvis boligen ikke er klar til avtalt tid, kan kjøperen kreve dagmulkt for hver dag det er forsinket. Dette kan gjøres selv om kjøperen ikke har hatt et økonomisk tap.AI
Se ogsåBustadoppføringslova § 10Bustadoppføringslova § 11referert av 2 →
Sammenheng
Koblinger for § 18 i bustadoppføringslova.