Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 19. Skadebot

Bustadoppføringslova·Kapittel III. Forseinking på entreprenørens side

Skadebot

Forbrukaren kan berre krevje skadebot for tap som overstig dagmulkta, dersom tapet kjem av at entreprenøren eller nokon som entreprenøren svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles. I tidsrom når det ikkje vert rekna dagmulkt, kan forbrukaren krevje skadebot a) for tap som følgjer av at arbeidet eller delar av arbeidet ikkje er fullført til den tida forbrukaren kan krevje, b) for tap som følgjer av at heimelsoverføring ikkje skjer til den tida forbrukaren kan krevje. Skadebota skal dekkje økonomisk tap så langt entreprenøren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av forseinkinga. Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, blir skadebota sett ned tilsvarande. For skadebot i hevingstilfella gjeld § 22.

Forbrukaren kan krevje skadebot for økonomisk tap ved forseinking. Viss det vert rekna dagmulkt, må tapet overstige dette og skuldast grov aktløyse eller brot på heider og god tru for at skadebot kan krevjast.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 22referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 19 i bustadoppføringslova.

Les hele loven i sammenheng →