Fastsetjing av vederlaget
Forbrukaren skal betale det vederlaget som er avtalt.
I den mon det ikkje er avtalt kva vederlag entreprenøren har krav på, skal forbrukaren betale eit vederlag som dekkjer nødvendige kostnader og eit rimeleg påslag.
Dersom entreprenøren har gjeve eit prisoverslag, skal vederlaget ikkje overstige den oppgjevne summen vesentleg, og høgst med 15 prosent. Denne føresegna gjeld likevel ikkje dersom det uttrykkeleg er avtalt ei anna grense for vederlaget, og heller ikkje i den mon entreprenøren har krav på tilleggsvederlag etter §§ 42 eller 43.
Det er entreprenøren som må godtgjere ein påstand om at vederlaget er oppgjeve som eit prisoverslag eller som ei ikkje bindande prisopplysning.
Vederlaget skal reknast å vere oppgjeve med meirverdiavgift innrekna, om ikkje forbrukaren må ha visst at avgifta ikkje var innrekna.
Entreprenøren har ikkje krav på tillegg for prisstiging utan at det er avtalt skriftleg.
Forbrukeren skal betale avtalt pris. Hvis prisen er gitt som et prisoverslag, kan den normalt ikke øke med mer enn 15 prosent, med mindre annet er avtalt eller det foreligger krav om tilleggsvederlag. Prisen inkluderer vanligvis merverdiavgift.AI
Se ogsåBustadoppføringslova § 42Bustadoppføringslova § 43referert av 2 →
Sammenheng
Koblinger for § 41 i bustadoppføringslova.