Tilleggsfrist
Forbrukaren kan krevje lenging av fristar for betaling og medverknad dersom
a) betalinga eller medverknaden blir seinka på grunn av entreprenørens forhold, eller
b) betalinga eller medverknaden blir seinka på grunn av ei hindring utanfor forbrukarens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at forbrukaren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at forbrukaren skal unngå eller overvinne følgjene av hindringa.
Blir betalinga eller medverknaden seinka på grunn av ein tredjeperson som forbrukaren svarer for, har forbrukaren krav på tilleggsfrist dersom tredjepersonen ville ha hatt krav på tilleggsfrist etter andre leddet.
Forbrukaren kan krevje utsett frist for betaling og medverknad dersom forseinkinga skyldast entreprenøren eller forhold utanfor forbrukarens kontroll. Dette gjeld også dersom ein tredjeperson forbrukaren svarer for ville hatt krav på tilleggsfrist.AI
Sammenheng
Referert av3
Koblinger for § 51 i bustadoppføringslova.