Lov
Nynorsk
§ 53. Avbestilling som omfattar rett til grunn
Avbestilling som omfattar rett til grunn
§ 52 andre til fjerde ledd gjeld ikkje når avbestillinga omfattar rett til grunn (jf. § 1 første ledd bokstav b). I slike tilfelle kan entreprenøren krevje skadebot for økonomisk tap så langt forbrukaren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av avbestillinga. Ved utmålinga gjeld føresegnene i § 36 tilsvarande.
Dersom heile ytinga etter avtalen med entreprenøren vert avbestilt, kan forbrukaren òg avbestille ytinga etter avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom
a) planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og
b) avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden.
Retten til avbestilling gjeld utan omsyn til om avtalen om grunnen er oppfylt, men entreprenøren kan setje som vilkår for avbestilling at ytingane etter avtalen om rett til grunnen blir førte attende. Skadebot kan krevjast etter føresegnene i første ledd.
Reglane om avbestilling er annleis når avtalen inneber rett til grunn. Entreprenøren kan krevje erstatning for økonomisk tap som forbrukaren rimeleg kunne føresjå. Det er under visse vilkår mogleg å avbestille avtalar om grunn som er gjort med andre enn entreprenøren.AI
Se ogsåBustadoppføringslova § 52Bustadoppføringslova § 1Bustadoppføringslova § 36referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 53 i bustadoppføringslova.