Langvarig avbrot
Kvar av partane kan seie seg løyst frå avtalen dersom arbeidet må avbrytast eller ikkje kan kome i gang på grunn av omstende som nemnde i § 11 første ledd bokstav c eller § 51 første ledd bokstav b, i så lang tid at føresetnadene for avtalen blir vesentleg endra. Likt med avbrot av arbeidet skal reknast utsetjing av overtaking eller heimelsoverføring.
Føresegnene i § 21 gjeld tilsvarande dersom ein av partane seier seg løyst frå avtalen etter første ledd. Partane har ikkje krav på skadebot.
Dersom ein av partane seier seg løyst frå avtalen etter første ledd, kan kvar av partane krevje at ytinga etter avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren, går attende dersom
a) planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og
b) avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden.
Begge parter kan avslutte avtalen dersom arbeidet blir avbrutt eller utsatt så lenge at forutsetningene for avtalen endres vesentlig. Det er ikke mulig å kreve erstatning ved et slikt avbrudd.AI
Se ogsåBustadoppføringslova § 11Bustadoppføringslova § 51Bustadoppføringslova § 21
Sammenheng
Koblinger for § 60 i bustadoppføringslova.