Lov
Nynorsk
§ 9. Endringar og tilleggsarbeid
Endringar og tilleggsarbeid
Forbrukaren kan krevje endringar i arbeidet og påleggje entreprenøren å utføre tilleggsarbeid som står i samanheng med den ytinga som er avtalt, og som ikkje i omfang eller karakter skil seg vesentleg frå denne ytinga.
Forbrukaren kan likevel ikkje krevje endringar eller tilleggsarbeid dersom dette ville føre til ulemper for entreprenøren som ikkje står i høve til forbrukarens interesse i å krevje endringa eller tilleggsarbeidet.
Det kan avtalast på førehand at forbrukaren ikkje kan krevje endringar eller tilleggsarbeid som vil endre vederlaget med 15 prosent eller meir.
Entreprenøren kan krevje at tinging på endringar eller tilleggsarbeid blir gjord skriftleg.
Føresegner om vederlaget i samband med endringar eller tilleggsarbeid står i § 42.
Kunden kan be om endringer eller ekstraarbeid som henger sammen med det som er avtalt, så lenge det ikke er vesentlig forskjellig fra oppdraget. Dette gjelder ikke hvis det påfører utføreren uforholdsmessige ulemper.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av1
Koblinger for § 9 i bustadoppføringslova.