Overtakingsforretning
Etter at entreprenøren har meldt frå til forbrukaren om når arbeidet blir fullført, kan kvar av partane med minst sju dagars varsel kalle inn til overtakingsforretning med synfaring av entreprenørens yting.
Let den eine parten vere å møte til overtakingsforretning utan gyldig grunn, kan den andre parten gjennomføre overtakingsforretning åleine. Er det forbrukaren som uteblir etter innkalling frå entreprenøren, gjeld dette likevel berre dersom det i skriftleg innkalling er gjort merksam på
a) føresegna i første punktum i leddet her,
b) føresegnene i § 30 andre ledd om at manglar som forbrukaren burde ha oppdaga ved overtakingsforretninga, må gjerast gjeldande så snart råd er, og
c) at overtaking har dei verknader som elles er nemnde i § 14 tredje ledd.
Forbrukaren kan nekte å overta ytinga dersom det ligg føre mangel som gjev rimeleg grunn til nektinga.
Ved overtakingsforretninga bør det førast protokoll som begge partane får eit underskrive eksemplar av.
Når arbeidet er ferdig, kan partene kalle inn til en befaring for å overta boligen. Hvis man uteblir uten gyldig grunn, kan den andre parten gjennomføre dette alene. Forbrukeren kan nekte å overta boligen dersom det er mangler som gir grunn til dette.AI
Sammenheng
Koblinger for § 15 i bustadoppføringslova.