Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 8 b. Gjennomføring av masseinnhenting

Bustøttelova·Kapittel I. Bustøtte·Sist endret 1. januar 2021

Gjennomføring av masseinnhenting

Masseinnhenting skal gjerast av ei særskilt utpeika eining. Eininga kan hente inn, registrere, samanstille og lagre opplysningar så langt det er nødvendig for å avgjere om bustøtte blir eller har blitt utbetalt i strid med vilkåra for å ta imot støtte. Opplysningar om den enkelte mottakaren av bustøtte kan vidareformidlast med sikte på å korrigere eller stanse feilaktige utbetalingar, krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt beløp, og straffeforfølging. Elles kan vidareformidling skje når dette følgjer av lov eller reglar gjevne i medhald av lov. Opplysningar som er henta inn ved masseinnhenting, skal slettast så snart omsynet til kontroll og oppfølging tillèt det. Masseinnhentinga skal gjennomførast slik at opplysningar som ikkje verkar inn på retten til bustøtte, ikkje blir omfatta eller utleverte. Innhentinga skal heller ikkje føre til at det blir utlevert opplysningar om andre personar enn dei som kontrollen gjev grunn til å følgje opp. Dersom slike opplysningar likevel skulle bli utleverte, skal dei slettast omgåande. Offentlege styresmakter eller tilbydarar av posttenester skal leggje til rette for at opplysningane dei har, på førespurnad blir gjorde elektronisk tilgjengelege for særskilt utpeika einingar i Husbanken. Det kan ikkje krevjast godtgjering for slik tilgjengeleggjering og utlevering av opplysningar. Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, pliktar å gjere dette utan godtgjering. Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), endra ved lover 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591).

Les hele loven i sammenheng →