Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 11.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel II. Arbeidsformidling
1. EFTA-statane eller EFTAs faste komité skal setje i gang eller i fellesskap gjennomføre alle granskingar om sysselsetjing og arbeidsløyse som dei finn naudsynte for den frie rørsla for arbeidstakarar innanfor EØS. Dei sentrale arbeidskontora i EFTA-statane skal ha eit nært samarbeid med kvarandre og med EFTAs faste komité med sikte på felles tiltak som gjeld arbeidsformidling innanfor EØS, og den plasseringa av arbeidstakarar som følgjer av dette. 2. For dette føremålet skal EFTA-statane peike ut særlege kontor som skal ha til oppgåve å organisere arbeidet på dei områda som er nemnde i nr. 1 andre leddet, og å samarbeide med kvarandre og med kontora til EFTAs faste komité. EFTA-statane skal melde frå til EFTAs faste komité om alle endringar når det gjeld utpeiking av desse kontora, og EFTAs faste komité skal offentleggjere desse endringane i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende.

Les hele loven i sammenheng →