Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 12.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel II. Arbeidsformidling
1. EFTA-statane skal sende over til EFTAs faste komité og EFTAs overvåkingsorgan alle opplysningar om problem som kjem på i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar, saman med opplysningar om situasjonen og utviklinga når det gjeld sysselsetjinga. 2. EFTAs faste komité skal fastsetje kva form dei opplysningane som er nemnde i nr. 1 i denne artikkelen, skal utarbeidast i, samstundes som det vert teke mest mogleg omsyn til fråsegna frå det faglege utvalet som er nemnt i artikkel 29 (heretter kalla «Det faglege utvalet»). 3. I samsvar med den framgangsmåten som er fastsett av EFTAs faste komité, samstundes som det vert teke mest mogleg omsyn til fråsegna frå Det faglege utvalet, skal det særlege kontoret i kvar EFTA-stat sende over til dei særlege kontora i dei andre EFTA-statane og EFTAs faste komité og til Det europeiske samordningskontoret som er nemnt i artikkel 18, opplysningar om leve- og arbeidsvilkår og om situasjonen på arbeidsmarknaden som kan vere til nytte for arbeidstakarar frå dei andre EFTA-statane. Desse opplysningane skal ajourførast jamleg. Dei særlege kontora til dei andre EFTA-statane skal syte for at desse opplysningane får ei omfattande spreiing, særleg ved å sende dei til dei arbeidskontora som det gjeld, og ved å nytte alle kommunikasjonsmiddel som eignar seg for spreiing av informasjon til dei arbeidstakarane som det gjeld.

Les hele loven i sammenheng →