Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 17.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel II. Arbeidsformidling
1. På grunnlag av ein rapport som EFTAs faste komité skal utarbeide med utgangspunkt i opplysningar frå EFTA-statane, skal EFTA-statane og EFTAs faste komité minst éin gong i året i fellesskap analysere resultata av verksemda i EØS når det gjeld arbeidsformidling. 2. EØS-statane og Kommisjonen og EFTAs faste komité skal på alle måtar undersøkje korleis statsborgarar i EØS-statane kan prioriterast ved tilsetjing i ledige stillingar for å skape jamvekt mellom ledige stillingar og søknader om arbeid i EØS. Dei skal vedta alle dei tiltaka som er naudsynte for å oppnå dette. 3. Kommisjonen skal annakvart år sende Europaparlamentet, Rådet og Det europeiske økonomi- og sosialutvalet ein rapport om gjennomføringa av kapittel II, med eit samandrag av dei opplysningane som er innhenta, og data frå granskingar og forsking som er utførd, der det vert lagt særleg vekt på alle relevante opplysningar om utviklinga på arbeidsmarknaden til Unionen.

Les hele loven i sammenheng →