Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 19.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel II. Arbeidsformidling
1. Det europeiske samordningskontoret skal særleg ha ansvaret for a) å samordne dei praktiske tiltaka som er naudsynte for arbeidsformidling innanfor Unionen, og å analysere den flyttinga av arbeidstakarar som følgjer av dette, b) å medverke til å nå desse måla ved å gjennomføre felles tiltak på administrative og faglege plan, i samarbeid med Det faglege utvalet, c) å drive arbeidsformidling når det ligg føre eit særleg behov og i samarbeid med dei særlege kontora, som òg skal gjennomføre denne formidlinga. 2. Det europeiske samordningskontoret skal sende over til dei særlege kontora opplysningar om ledige stillingar og søknader om arbeid som er sende direkte til Kommisjonen, og skal få melding om den vidare behandlinga av dei.

Les hele loven i sammenheng →