Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 24.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel III. Organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar
Medlemmene av Det rådgjevande utvalet og varamedlemmene deira skal oppnemnast av Rådet, som ved utveljinga av representantar for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane skal leggje vinn på at dei ulike sektorane i næringslivet som det gjeld, vert representerte på ein rettferdig måte. Rådet skal offentleggjere lista over medlemmer og varamedlemmer til orientering i Den europeiske unions tidende.

Les hele loven i sammenheng →