Lov
Nynorsk
§ Art 3.
1. I medhald av denne forordninga skal lover, forskrifter eller administrativ praksis i ein EØS-stat ikkje nyttast når dei
a) for utanlandske statsborgarar avgrensar eller set vilkår som ikkje gjeld for innanlandske statsborgarar, for tilbod og søknad om arbeid og tilgang til og utøving av arbeid, eller
b) utan å stille vilkår om nasjonalitet, utelukkande eller hovudsakleg har som føremål eller verknad å utelukke statsborgarar i andre EØS-statar frå ledige stillingar.
Denne føresegna gjeld ikkje for vilkår om språkkunnskapar som er naudsynte på grunn av arten av det arbeidet som den ledige stillinga inneber.
2. Dei føresegnene og den praksisen som er nemnde i nr. 1 bokstav a), omfattar særleg slike som i ein EØS-stat
a) fastset ein særleg og ufråvikeleg framgangsmåte ved tilsetjing av utanlandske statsborgarar,
b) avgrensar kunngjeringa av ledige stillingar gjennom pressa eller på annan måte, eller set andre vilkår for kunngjeringa enn dei som gjeld for arbeidsgjevarar som utøver verksemda si på territoriet til denne staten,
c) set vilkår om registrering hjå arbeidskontor for tilgang til arbeid, eller hindrar individuell rekruttering av personar som ikkje er busette på territoriet til denne staten.