Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 4.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel I. Sysselsetjing, likebehandling og familien til arbeidstakarane
1. Føresegner som er fastsette ved lov eller forskrift i EØS-statane, og som i tal eller prosent avgrensar sysselsetjinga av utanlandske statsborgarar i eit einskilt føretak, ei einskild næring, ein einskild region eller på nasjonalt plan, skal ikkje nyttast på statsborgarar frå dei andre EØS-statane. 2. Når det i ein EØS-stat vert sett som vilkår at ein viss prosentdel innanlandske arbeidstakarar skal tilsetjast for at eit føretak skal få føremoner, skal statsborgarar frå dei andre EØS-statane reknast som innanlandske arbeidstakarar, med atterhald for føresegnene i europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF av 7. september 2005 om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner.
Noter (1)
  • Note 5TEU L 255 av 30.9.2005, s. 22.

Les hele loven i sammenheng →