Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 9.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel I. Sysselsetjing, likebehandling og familien til arbeidstakarane
1. Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein EØS-stat, og som er tilsett på territoriet til ein annan EØS-stat, skal ha dei same rettane og føremonene som innanlandske arbeidstakarar når det gjeld bustad, medrekna eigedomsrett til den bustaden som han eller ho treng. 2. Ein arbeidstakar som er nemnd i nr. 1, kan med dei same rettane som innanlandske statsborgarar skrive seg på lister over bustadsøkjarar i regionen der han eller ho er tilsett, der det vert ført slike lister, og såleis nyte godt av dei føremonene og prioriteringane som følgjer av dette. Dersom familien til arbeidstakaren er vorten buande i heimstaten, skal familiemedlemmene reknast som busette i den nemnde regionen, i den grad tilsvarande gjeld for innanlandske arbeidstakarar.

Les hele loven i sammenheng →