Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 29.

Eigedomsskattelova·Kapittel 8. 8. kapitlet. – Ymse føresegner.·Sist endret 1. januar 2017
Forvaltningslova gjeld for førehaving av eigedomsskattesaker med dei særskilde reglane som er gitt i denne lova. Reglane i skatteforvaltningsloven kapittel 3 om teieplikt gjeld på tilsvarande måte for tenestemenn og nemndmedlemmer som er med på å skriva ut eigedomsskatt i staden for reglane om teieplikt i forvaltningslova. Forvaltningslova § 11 d andre ledd andre punktum gjeld ikkje for tenestemenn som tar del i synfaring i samband med taksering. Forvaltningslova § 24 gjeld ikkje for den årlege utskrivinga av eigedomsskatt. Forvaltningslova § 25 gjeld ikkje for vedtak om takst eller overtakst. I staden for gjeld eit krav om stutt grunngjeving for avgjerda. Spørsmålet om dekning av sakskostnader blir avgjort av eigedomsskattekontoret når klagenemnda har endra eit vedtak til gunst for skattytar. Avgjerda kan klagast inn for klagenemnda.

Forvaltningslova gjeld i eigedomsskattesaker, men med nokre unntak. Det er særskilde reglar for teieplikt, grunngjeving av takst og dekning av sakskostnader.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 13 juni 1980 nr. 25, 22 juni 2012 nr. 44 (f o m skatteåret 2013), 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).

Se ogsåForvaltningsloven § 24Forvaltningsloven § 25omtalt i 2 kilder

Sammenheng

Se også2
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 29 i eigedomsskattelova.

Les hele loven i sammenheng →