Lov
Nynorsk
§ 8 A-3. Verdsetjing
Verdsetjing
(1) Eigedomen skal verdsetjast ved takst.
(2) Det skal vere ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år. Dersom det ligg føre særlege tilhøve, kan kommunestyret avgjere at ny taksering skal skje tidlegare eller seinare enn dette, men ikkje seinare enn tre år etter at siste allmenne taksering skulle ha skjedd. Kommunen dekkjer kostnadene ved taksering, og kommunestyret utnemner dei personane som skal stå for takseringa.
(3) Formannskapet eller skattytar kan krevje overtakst.
(4) Kommunestyret kan i staden for løysinga i andre ledd, utnemne ei sakkunnig nemnd som skal setje taksten på grunnlag av forslag frå tilsette synfaringsmenn.
(5) Omtaksering av ein eigedom skal skje dersom det i tida mellom dei allmenne takseringane, ligg føre ein av dei følgjande grunnane:
a) eigedomen er delt,
b) bygningar på eigedomen er rive eller øydelagt av brann eller liknande, eller
d) det er ført opp nye bygningar eller gjort monalege forandringar på eigedomen.
(6) Dersom verdet til ein eigedom er vesentleg forandra i høve til andre eigedomar, kan formannskapet så vel som skattytar krevje særskild taksering i tida mellom dei allmenne takseringane. Skattytar som krev omtaksering etter dette og førre ledd, må sjølv dekkje kostnadene med takseringa. Krav om omtaksering må være stilt innan 1. november i året før skatteåret.
Noter (1)
- EndringFøyd til med lov 22 juni 2012 nr. 44 (f o m skatteåret 2013).