Eksamen og sensurering
Eksamensform
Eksamensform skal gå fram av studieplan.
Lengde på eksamen
Omfang av eksamen skal vere angitt i gjeldande studieplan.
Oppnemning av sensor
Det skal oppnemnes minimum to sensorar. Jf. lov om universitet og høgskuler § 3-9 pkt. 2. Oppnemninga skal vere for ordinær eksamen og utsett/ny eksamen. Klagesensorar vert normalt oppnemnt samtidig; ein intern og ein ekstern sensor. Krav om ekstern sensor gjeld ikkje ved praksis, praksisoppgåver og arbeidskrav. Unntak er prosjektoppgåver som inngår som ein del av karakteren på vitnemålet.
Ekstern sensor skal ikkje ha undervisning eller vere tilsett ved høgskulen. Ekstern sensor må ha minst ei av fylgjande kvalifikasjonar:
-) Vere tilsett på høgskulelektor/amanuensisnivå eller høgare ved universitet/statleg høgskule eller annan forskingsinstitusjon.
-) På annan måte ha dokumentert relevant vitskapeleg kompetanse på same nivå.
-) Ha erfaring som sensor i vedkomande fag ved universitet/statleg høgskule.
Sensurfrist
Sensurfristen er tre veker etter innleveringsdatoen, dersom ikkje særlege grunnar gjer det naudsynt å bruke meir tid.
Styret kan bestemme andre sensurfristar dersom særlege grunnar tilseier det. Jf. § 3-9 pkt. 4.
Studieplanen bestemmer hvordan eksamen skal gjennomføres og hvor lang den skal være. Det skal normalt være minst to sensorer, hvorav én er ekstern. Sensurfristen er tre uker etter innlevering, med mindre det er særskilte grunner til noe annet.AI