Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 14.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel II. Arbeidsformidling
1. Alle ledige stillingar i medhald av artikkel 13 som er melde til arbeidskontora i ein EØS-stat, skal meldast til og handsamast av dei rette arbeidskontora i den andre EØS-staten som det gjeld. Desse kontora skal sende over detaljerte opplysningar om eigna søkjarar til den førstnemnde EØS-staten. 2. Dei søknadene om arbeid som er nemnde artikkel 13 nr. 1 bokstav c), skal svarast på av dei rette kontora i EØS-statane innan ein rimeleg frist på høgst éin månad. 3. Arbeidskontora skal gje arbeidstakarar som er statsborgarar i EØS-statane, den same prioriteten som den som ved høvelege tiltak vert gjeven til innanlandske arbeidstakarar jamført med arbeidstakarar frå tredjestatar.

Les hele loven i sammenheng →