Lov
Nynorsk
§ Art 31.
EØS-arbeidstakarlova·Kapittel III. Organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar
1. Det faglege utvale skal vere samansett av representantar for regjeringane i medlemsstatane. Kvar regjering skal oppnemne som medlem av Det faglege utvalet éin av dei medlemmene som representerer henne i Det rådgjevande utvalet.
2. Kvar regjering skal oppnemne som varamedlem ein av dei andre representantane sine i Det rådgjevande utvalet, anten ein medlem eller ein varamedlem.