Lov
Nynorsk
§ Art 7.
1. Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein EØS-stat, kan ikkje på grunn av statsborgarskapet sitt handsamast annleis på territoriet til ein annan EØS-stat enn innanlandske arbeidstakarar når det gjeld tilsetjings- og arbeidsvilkår, særleg med omsyn til lønn og oppseiing, og, dersom arbeidstakaren er vorten arbeidsledig, til å verte teken inn att eller få ny tilsetjing.
2. Arbeidstakaren skal nyte godt av dei same sosiale og skattemessige føremonene som innanlandske arbeidstakarar.
3. Arbeidstakaren skal òg ha tilgang til opplæring ved yrkesfaglege skular og omskoleringsenter med dei same rettane og på dei same vilkåra som innanlandske arbeidstakarar.
4. Alle føresegner i tariffavtaler og andre kollektive avtaler og i individuelle arbeidsavtaler om tilgang til arbeid, lønn og andre arbeids- eller oppseiingsvilkår, skal vere ugyldige i den grad dei fastset eller tillèt vilkår som inneber forskjellsbehandling for arbeidstakarar som er statsborgarar i andre medlemsstatar.