Bevisbyrde
(1) Skattytaren skal dokumentere at det timetalet med ulønt arbeidsinnsats som det blir kravd kompensasjon for, er nytta til forskings- og utviklingsinnsats direkte knytt til godkjent forskings- og utviklingsprosjekt.
(2) Som dokumentasjon vert blant anna rekna:
a) Årsrapport, sluttrapport eller annan rapport til Noregs forskingsråd for dei inntektsåra kompensasjonskravet refererer seg til, der det går fram at skattytaren har utført ulønt arbeidsinnsats. Rapportane skal vere leverte inn ikkje seinare enn 1. oktober 2005.
b) Prosjektrekneskap der ulønt arbeidsinnsats er ført opp som ein kostnad.
c) Timelister, der det går fram kor mange timar med ulønt arbeidsinnsats som det blir kravd kompensasjon for. Dersom den aktiviteten som er utført går fram av timelistene, vil timelistene ha større bevisverdi enn dersom den utførte aktiviteten ikkje går fram.
(3) Skattytarar som krev kompensasjon etter § 4 andre ledd, bør vise fram attest frå revisor om at dokumentasjonen etter (2) i denne paragrafen er utarbeidd jamleg under arbeidet med prosjektet for dei åra som kompensasjonskravet refererer seg til.
(4) Konkurransetilsynet avgjer etter skjønn kor mange timar ulønt arbeidsinnsats som gjev grunnlag for kompensasjon.
Den som søker kompensasjon for ulønt arbeid i Skattefunn, må bevise at timene er brukt til godkjent forskning og utvikling. Konkurransetilsynet avgjør hvor mange timer som gir grunnlag for kompensasjon.AI
Se ogsåFøresegn om ulønt arbeid i Skattefunn § 4referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 5 i føresegn-om-ulønt-arbeid-i-skattefunn.