Fremjing av EU-miljømerket
1. Medlemsstatane og Kommisjonen skal, i samarbeid med EUEB, verte samde om ein særskild handlingsplan for å fremje bruken av EU-miljømerket gjennom
a) haldningsskapande tiltak og offentlege opplysnings- og opplæringskampanjar som er retta mot forbrukarar, produsentar, tilverkarar, grossistar, tenesteytarar, offentlege innkjøparar, forhandlarar, detaljistar og ålmenta,
b) oppmuntring til å ta i bruk ordninga, særleg for små og mellomstore føretak,
og såleis støtte utviklinga av ordninga.
2. EU-miljømerket kan fremjast gjennom nettstaden for EU-miljømerket, som inneheld grunnleggjande opplysningar og reklamemateriale om EU-miljømerket og informasjon på alle fellesskapsspråk om stader der produkt som ber EU-miljømerket, kan kjøpast.
3. Medlemsstatane skal oppmuntre til bruk av handboka for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar, slik det er nemnt i vedlegg I del A nr. 5. For dette føremålet bør medlemsstatane vurdere t.d. å fastsetje mål for innkjøp av produkt som oppfyller dei kriteria som er førte opp i den nemnde handboka.