Hopp til innhold
Lov

§ Art 4. Rette organ

Rette organ

1. Kvar medlemsstat skal peike ut det organet eller dei organa, anten i eller utanfor eit ministerium, som har ansvaret for å utføre dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga (heretter kalla «det rette organet» eller «dei rette organa»), og syte for at dei er verksame. I tilfelle der fleire enn eitt rett organ vert utpeikt, skal medlemsstaten avgjere kva fullmakter kvart organ skal ha og kva samordningskrav som skal gjelde for dei. 2. Dei rette organa skal vere samansette på ein måte som sikrar at dei er uavhengige og upartiske, og møteføresegnene deira skal sikre klarleik i utøvinga av verksemda deira, og deltaking frå alle dei partane som det gjeld. 3. Medlemsstatane skal syte for at dei rette styresmaktene oppfyller dei krava som er fastsette i vedlegg V. 4. Dei rette styresmaktene skal syte for at kontrollen vert utført på ein konsistent, upartisk og påliteleg måte av ein part som er uavhengig av den marknadsdeltakaren som vert kontrollert, på grunnlag av internasjonale, europeiske eller nasjonale standardar og framgangsmåtar for organ som utfører produktsertifisering.

Hvert land skal utpeke ett eller flere organer som har ansvaret for å gjennomføre oppgavene i forordningen. Disse organene skal være uavhengige, upartiske og sikre at kontrollen av markedsdeltakere skjer på en pålitelig måte basert på faste standarder.AI

Les hele loven i sammenheng →