Hopp til innhold
Forskrift
Finansdepartementet

Forskrift om frådrag i sjømannsskatt ved aksjesparing.

Forskr. om frådrag i sjømannsskatt ved AMS

forskrift/1982-12-15-1787·Utforsk grafen
I kraft 1982-12-15

Med heimel i lov 21. mars 1947 nr. 2 om skattlegging av sjømenn § 4 nr. 1 bokstav a siste punktum har Finans- og tolldepartementet fastsett 15. desember 1982:

I

Sjømann kan krevja frådrag i sjømannsskatten når han i trekkåret har kjøpt part i aksjefond som gjev rett til skattefrådrag etter skattelova § 44 ellevte leden nr. 3. For slikt frådrag gjeld: Parten i fondet må tilhøyra sjømannen eller ektemaken. Frådraget må vera større enn den skatten og medlemsavgifta til folketrygda som sjømannen betaler same året av inntekt i land. Sjømannen kan ikkje krevja frådraget før likninga er ferdig for same inntektsåret. Direktoratet for sjømenn gjev nærare reglar om korleis skipnaden med frådrag skal verta gjennomførd.

II

Desse forskriftene tek til å gjelda med det same og får verknad første gongen for sjømannsskatt som vert trekt i 1982.