Forskrift
§ 3-4. Karakterskala
Karakterskala
Vurderingsuttrykket ved avsluttande vurdering, eksamen, prøve, sensur av oppgåve eller anna vurdering skal være bestått/ikkje bestått eller ein gradert skala med fem trinn frå A til E for bestått og med F for ikkje bestått. Følgjande kvalitative forklaringar gjeld for dei ulike karaktertrinna:
Karakter Nemning Generell, ikkje fagspesifikk omtale av vurderingskriteria
A Framifrå Framifrå prestasjon som klart utmerkjer seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
B Svært god Svært god prestasjon. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og sjølvstende.
C God Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
D Nokså god Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
E Tilstrekkeleg Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende.
F Ikkje greidd Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende.
Ved vurdering og eksamen brukes enten bestått eller ikke bestått, eller en skala fra A til F. Karakterene A til E regnes som bestått, mens F betyr at man ikke har bestått.AI