Forskrift
§ 6-2. Framgangsmåte og fristar
Framgangsmåte og fristar
(1) Alle klager skal sendast, som epost eller brev, til Dykkarutdanninga ved dagleg leiar.
(2) Studenten må sende klaga seinast tre veker etter at vedtaket er gjort kjent, eller han eller ho har hatt rimeleg høve til å gjere seg kjent med vedtaket. Studenten skal få svar på klaga seinast innan ein månad. Dersom klagehandsaminga tek lengre tid, skal klagar underrettast om dette skriftleg.
(3) Klage over formelle feil ved eksamen må varslast innan tre veker etter at studenten er eller burde vore kjent med det forhold som gir grunnlag for klage.
(4) Finn klagenemnda at det er gjort formelle feil, og det er rimeleg å tru at dette kan ha vore viktig for prestasjon eller vurdering for ein eller fleire studentar, skal det gjennomførast ny sensur, eller haldast ny eksamen så snart som mogleg.
(5) Den skriftlege klaga skal innehalde:
a) kven som klagar (namn, adresse og studentnummer)
b) vedtak det vert klaga over
c) kva klaga gjeld og grunngjeving for denne
d) dato og underskrift/er.
Denne bestemmelsen forklarer hvordan man klager på vedtak eller eksamensfeil ved utdanningen. Den setter krav til hva klagen skal inneholde, hvor den skal sendes og hvilke frister som gjelder for klage og svar.AI