Definisjonar
(1) Eksamen: Eksamen er den formelle vurderinga av det faglege nivået. Eksamen på BAS har karakterane Bestått/Ikkje bestått. I 1. avdeling vert studentane formelt vurdert etter kvart år, som kvalifiserer for å studera vidare ved BAS. I 2. avdeling er kvart semesterkurs å rekne som ein eksamen, og vert vurdert med karakteren Bestått/Ikkje bestått. Det siste semesteret, diplomsemesteret vert avslutta med eksamen i sjølvformulert oppgåve. Bestått diplomeksamen gir tittelen master i arkitektur.
(2) Fagområde/emneområde: BAS-studiet er organisert i fire hovudfagområde:APP – arkitektur, planlegging og prosjekteringTTA – teknologi, teknikk, økonomi og administrasjonDAV – «den andre verda» – utvikling av frie uttrykk, kunstnarlege fagKTF – kompletterande teorifag/universitetsfag.
(3) Gjennomgang og vurdering: Alle kurs, uansett nivå og lengde, vert avslutta med felles gjennomgang der kvar student presenterer prosjektet/arbeidet sitt for klassen, hovudlærar, eventuelle gjestelærarar og konsulentar, for å drøfte – og få konstruktiv tilbakemelding på sitt arbeid i plenum. På lengre kurs vert det også halde mellomgjennomgang undervegs.
(4) Godskriving: Godkjenning av beståtte fag, emner, eksamener eller prøver på grunnlag av dokumentasjon frå andre universitet og høgskoler som tilbyr akkrediterte studier etter universitets- og høyskoleloven.
(5) Fritak: Godkjenning av fag, emner, eksamen, prøver, kurs og liknande på grunnlag av dokumentasjon av til dømes realkompetanse, utanlandsk høgre utdanning, utdanning tatt ved andre norske institusjonar som ikkje tilbyr akkrediterte studier etter universitets- og høyskoleloven.
(6) Ny eksamen: Eksamen arrangert for student som har gyldig fråvær ved ordinær eksamen eller på grunn av klage på karakter.
(7) Sensorar: eksterne og interne fagpersonar som vurderer prosjekt under eksamen.
(8) Student: Student er den som er tatt opp til studiet ved BAS på grunnlag av dei opptakskrav som BAS stiller og som har betalt studieavgift for gjeldande semester.
(9) Studieavgift: BAS er ein privat skule og studentar skal betale semestervis studieavgift til skulen. Studieavgift er fastsett av høgskulestyret ved BAS. Studentar som ikkje betaler studieavgift har ikkje studierett ved BAS.
(10) Studieprogram: BAS sitt studieprogram er basert på eit femårig studieløp etter modellen 3+2 år som gir totalt 300 studiepoeng. Dei 3 fyrste åra ved BAS vert referert til som 1. avdeling, den grunnleggjande undervisinga. Dei 2 siste åra ved BAS vert referert til som 2. avdeling/master.
(11) Studiepoeng: Mål på arbeidsomfang i studiet: 60 studiepoeng tilsvarar eitt års studium på full tid.
(12) Utsatt eksamen/innlevering: På grunnlag av dokumentert sjukdom, annan tvingande fråværegrunn eller supplering kan ein student få utsatt innlevering/eksamen. Individuell sakshandsaming, sensurering på seinare fastsatt tidspunkt.